Manglar du utstyr til haustferien? Kanskje BUA har det du treng? Gratis!
BUA har ope på torsdag klokka 18-20.00. Dette er siste opningsdag før haustferien.

Kanskje ein sykkel og hjelm til sykkeltur? Telt, sovepose, ryggsekk og termos til fjelltur? Eller kanskje golfutstyr og ein tur på golfbana? Eller fisketroe?
Ta deg ein tur innom på torsdag! Dette er siste opningsdag før haustferien. I haustferien har BUA ope som vanleg. Frivillige frå Lions er på jobb og hjelper deg gjerne!
Opningstider i sommar:
Veke 27-31: ope tysdagar frå klokka 14-16
Frå veke 32 er vi tilbake til dei faste tidspunkta:
Vi har ope følgande, faste tidspunkt:
tysdagar klokka 14-16
torsdagar klokka 18-20
Endringar i opningstid, til dømes stenging eller ekstra opningstid, vil bli annonsert her og i kommunen sine andre kanalar.
BUA utlånssentral held til i kjellaren på Rådhuset - inngang frå Bankplassen .
På BUA kan du låne eit stort utval av utstyr til både sommar, vinter, leik og friluftsliv. I hyllene finn du alt frå syklar og ski til telt og spel. Her er noko av det du kan låne:
Friluftsliv og camping:
Telt, lavvo, soveposar og liggeunderlag
Stormkjøken, termosar, tursekkar og kompass
Hovudlykter og hengekøyer
Vinter og is:
Langrennsski, fjellski, slalomutstyr og akematter
Hockey- og kunstløpskøyter
Truger, broddar, alpinhjelmar og hockeykøller
Sommar og vatn:
Syklar og sykkelhjelmar
Flytevestar og redningsvestar
Fiskesett, håv og sjøkikkert
Badminton, volleyball, fotball og basketball
Skateboard, boccia, golfsett og meir
Leik og spel:
Stigegolf og frisbeegolf
Kubb og ulike ballspel
For å låne utstyr gjennom BUA-nettverket må du ha bustadadresse i Norge, norsk mobilnummer og opprette ein låneprofil.
Når du opprettar ein låneprofil, må du verifisere personopplysningane dine med Vipps. Viss du ikkje har Vipps, kan du verifisere mobilnummeret og e-postadressa ved å få tilsendt ei kode og vise fram legitimasjon første gang du skal låne. Når du kjem for å låne treng du berre å oppgi mobilnummeret ditt.
Opprett låneprofil her .
Barn og ungdom under 18 år kan låne gjennom BUA-nettverket, men ein myndig person må være ansvarleg for lånet. Den vaksne må opprette ein låneprofil og legge til mindreårige som medlåntakar, med eige mobilnummer og e-postadresse. Born som ikkje har eiga e-postadresse og mobilnummer, kan låne gjennom foreldra sin låneprofil dersom foreldra skriv det i notatfeltet i sin låneprofil.
Det er gratis å låne!
(Men du kan få gebyr om du levere for seint eller øydelegg utstyret).
Du kan låne utstyret i inntil 7 dagar. Etter at det utstyret er levert tilbake, må det gå minst éi veke før det kan lånast på nytt. Dette gjeld for alle personar i same hushald.
Dersom du ikkje leverer utstyret tilbake i tide, blir det lagt på gebyr på 200 kroner per opningsdag. Ved gjenteke brot kan du mellombels miste retten til å låne utstyr.
Utstyret skal du levere tilbake i tide, på same stad som du henta det, og i same stand som då du fekk det. Normal slitasje er tillaten. Du skal levere utstyret reint og klart til vidare bruk, slik at den neste som låner det får ei god oppleving.
Det er ikkje lov at du:
låner ut utstyret vidare til andre
bruker det til kommersielle føremål
fraktar det utanfor Noreg
Du har sjølv ansvar for utstyret så lenge du har lånt det.
Dersom utstyret blir skada eller tapt utover normal slitasje, kan BUA krevje erstatning for reparasjon eller erstatning. Erstatninga blir vanlegvis rekna ut frå verdien på utstyret minus omlag 20 prosent på grunn av slitasje.
Dersom du framleis har spørsmål som du ikkje har fått svar på, kan du kontakte BUA på e-post:
bua@hareid.kommune.no
Offisiell informasjon frå Hareid kommune
Teksten er henta frå hareid.kommune.no. Dersom noko manglar, finn du alt i originalsaka.