Hopp til innhald

Siste nytt

Offisiell informasjon frå Hareid kommune

  1. Aktuelt

    Hareid kommune er no ei Av-og-til-kommune

    Torsdag 15. oktober besøkte Marte Sletten frå Av-og-til Hareid kommune i samband med at Hareid kommune formelt vart ei Av-og-til-kommune. Under besøket signerte ordførar Bernt Brandal avtalen på vegner av kommunen.

  2. Aktuelt

    Fire veker med plasking, buss-spenning og vassglede!

    I september har førskulebarna på Syverplassen fått vere med på noko heilt spesielt. Barnehagane i Hareid har fått midlar til vasstilvenning, og gjennom fire veker har borna reist til Ulsteinbadet for å bli tryggare i vatnet. For ein kjekk månad dette har vore!

  3. Aktuelt

    Vil jobbe mot gjengroing og med auka beiting

    Hareid og Ulstein har fått felles retningslinjer for tilskot til tiltak i beiteområde. Målet er å få fleire dyr på utmarksbeite, hindre gjengroing og redusere tap og konfliktar.

  4. Aktuelt

    Bli med når kommunen øver på informasjonspunkt – vinn premie

    Onsdag 28. oktober øver Hareid kommune på å opprette informasjonspunktet som skal brukast dersom mobilnettet og internett fell ut. Innbyggjarane er inviterte til å besøke øvinga på biblioteket på helsehuset mellom klokka 16 og 19.

  5. Aktuelt

    Ny kulturmiljøplan for Hareid er vedteken

    Hareid kommune har fått ein oppdatert kulturmiljøplan for perioden 2026–2030. Planen skal hjelpe kommunen med å ta vare på historia og identiteten vår, samstundes som Hareid utviklar seg vidare.

  6. Aktuelt

    Vi vil ha kandidatar til Kulturpris Ung

    Kulturprisen Ung er eit samarbeid mellom Hareid kommune og Sparebanken Møre Hareid. Føremålet med prisen er å fremje utviklinga av kulturarbeid i Hareid.

  7. Aktuelt

    Fagdag om vald i nære relasjonar: For barna si skuld

    Korleis kan vi forstå, oppdage og hjelpe barn og foreldre som lever i skuggen av vald? Krisesenter for Sunnmøre inviterer til ein gratis fagdag i Ulsteinvik 2. desember og Ålesund 3. desember 2026