Hopp til innhald
Tilbake
AktueltPublisert

Vi vil ha kandidatar til Kulturpris Ung

Kulturprisen Ung er eit samarbeid mellom Hareid kommune og Sparebanken Møre Hareid. Føremålet med prisen er å fremje utviklinga av kulturarbeid i Hareid.

Kven kan få Kulturpris ung?

Einskildpersonar under 25 år, eller gruppe av personar, lag og organisasjonar som høyrer heime i kommunen og som i løpet av året, eller gjennom fleire år, har gjort ein særleg stor og verdfull innsats innanfor det utvida kulturomgrepet. Ungdommens kulturpris kan delast ut som ei oppmuntring for utført innsats, eller som eit stipend.

Vedtekter (PDF, 163 kB)

Annonsering av kulturprisen

Eining for kultur syter for å gjere prisen kjend og fastset fristen for innsending av framlegg til kandidatar. Det vert annonsert både i lokalavisa og på kommunen si heimeside.

Korleis fremje kandidatar?

Framlegg til kandidatar til Ungdommens kulturpris kan fremjast av einskildpersonar, lag og organisasjonar, og skal vere skriftleg og med grunngjeving av framlegget. Namn på kandidatar vert ikkje gjort offentleg.

For å fremje kandidatar kan du fylle ut dette skjemaet.

Dersom du har spørsmål om prisen, kan du kontakte renate.seljeseth.boe@hareid.kommune.no

Utvida frist for å nominere er 15. november i 2026.

Tildeling av Ungdommens kulturpris

Ei nemnd samansett av representantar frå Sparebanken Møre Hareid, ungdomsrådet og Hareid kommune gjer endeleg vedtak om tildeling av Ungdommens kulturpris. Nemnda kan gje prisen til ein av dei føreslegne kandidatane eller til ein kandidat nemnda sjølv foreslår. Ordføraren, eller den ordføraren nemner ut står for utdelinga i samband med eit høveleg arrangement og den/dei som får prisen vert også tildelt ein diplom. Det skal ikkje knytast særskilte vilkår til korleis mottakaren nyttar prisen.

Tidlegare vinnarar

2013 – Simon Gjerde Tonev

2014 – Bigset Ungdomsklubb

2015 –

2016 – Svenning Veiseth

2017 – Hareid Tensing

2018 –

2019 – Sofie Gjerde Tonev

2020 – John Arne Riise Apelseth

2021 –

2022 – Borghild Bakke Holstad

2023 – Stine Longva Veddegjerde

2024 – Adrian Røren

2025 – Hareid IL si friidrettsgruppe

Vedlegg

Les originalen på hareid.kommune.no(opnar i ny fane)

Offisiell informasjon frå Hareid kommune

Teksten er henta frå hareid.kommune.no. Dersom noko manglar, finn du alt i originalsaka.