Vi treng bøssebærarar til TV-aksjonen – gi barn ein trygg stad å sove
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen. For å nå fram til alle husstandane i Hareid kommune, treng vi frivillige som kan bruke eit par timar på å gå med bøsse. Per no manglar vi 28 bøssebærarar.

Bøssebærarane er sjølve ryggrada i TV-aksjonen. Dei gjer aksjonen synleg i lokalsamfunnet og gir alle høve til å bidra, også dei som ikkje bruker digitale betalingsløysingar.
Har du to timar til overs denne søndagen?
Dei som ikkje får registrert seg, kan kontakte frivilligsentralen ved Heidi Kvalsvik på.
Per 5. oktober manglar vi 39 av 63 bøssebærarar.
Dette går TV-aksjonen til i år
Nær 120 millionar menneske er på flukt frå krig, konflikt og forfølging. 40 prosent av dei er barn. Pengane frå TV-aksjonen 2026 går til NRC Flyktninghjelpen og skal gi meir enn 400 000 menneske tryggare og betre butilhøve i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo.
Pengane skal gå til telt og andre naudbustader, mellombelse og varige heimar, reint vatn og gode sanitærforhold og juridisk hjelp. Målet er å gi familiar eit trygt husvære og eit betre grunnlag for å byggje opp kvardagen på nytt.

Offisiell informasjon frå Hareid kommune
Teksten er henta frå hareid.kommune.no. Dersom noko manglar, finn du alt i originalsaka.